Årets ferietur gjekk til Nord-Norge. Den 26.juli kjørte vi nordover, og den fantastiske reisa i Noregs finaste natur varte i heile 2 veker! Her er eit knippe bilder;
Vi gjekk "dronningruta" frå Stø til det utdødde fiskeværet Nyksund.

Klare til avgang: padletur fra Svolvær til Trollfjorden.
Inne i Trollfjorden!

Solnedgang i havet ut frå Gimsøy (kl 23.30).
Me traff plutseleg på ein pent pynta syklist... Det måtte vera Hilde, som var i bryllaup i Undstad!! Verden er liten...

Verdens eldste og best bevarte fiskevær, Nusfjord. Og finaste, meiner me! Ein tur hit kan anbefalast!
Luftig svev på Skagsanden Beach ved Flakstad (her overnatta me mellom campingplassen og kyrkjegarden...)
Me padla inn frå Reine, og gjekk over til denne digre stranda, Buneset. Det tok 7 minutt å gå over stranda og ut til havet. Ser du nøye etter, kan du sjå folk på stranda!

Ei av verdens finaste øyer!



Me møtte litt havtåke på Røst, men fekk likevel med oss ein flott fuglesafari med tur til Skomvær fyr! Det seiest at det finaste på Røst er utsikten til Værøy... Og då denne forsvann i tåka, gjekk turen tilbake til Bodø same dag.


Då var me på veg heim att, og me kjørte Kystriksvegen (RV 17).
Engdalsbreen (Svartisen) ligg nesten heilt ned til vatnet, så me kunne gå tur opp og smaka på han. Etterpå vart det også smakt på litt mousserande drikk med is frå breen...
Engdalsbreen (Svartisen) ligg nesten heilt ned til vatnet, så me kunne gå tur opp og smaka på han. Etterpå vart det også smakt på litt mousserande drikk med is frå breen...
(980 og 945 m.o.h.)

Siste stopp på vegen var Brønnøysund og Torghatten. Her ser du utsikten ut av holet.









































